TWEENS-TIRSDAG


Går du i 4, 5, 6. eller 7. klasse kan du bli med på TWEENS-TIRSDAG på Nes menighetshus tirsdagar etter skulen. 

 

Velkommen til å bli med på TWEENS-TIRSDAG.

Tweens-tirsdag er et  trusopplæringstilbod i Sauherad og Nes kyrkjelyd, der vi inviterer alle som går i 4, 5, 6. og 7. klasse til Nes menighetshus etter skulen og fram til 16.30 på tirsdagar. Vi startar opp 13. september, og har åpent 10 tirsdagar før jul, og 12 etter jul. Datoane hausten 2022 er: 13.09, 20.09, 27.09, 04.10, 18.10, 01.11, 08.11, 15.11, 22.11. og 30.11. (Det er ikkje åpent i haustfeien og 25.10) 

Vi startar kvar gong med litt mat. Etter det har vi ei lita samling der vi snakkar om ulike tema, eller hører ei forteljing frå Bibelen. I tillegg vil vi ha ulike aktivitetar som bordtennis, biljard, ulike spel, forming, konkuranser og andre ting som vil variere frå gong til gong.

Dersom barna har spesielle behov, må de ta kontakt slik at vi kan løyse det på best mogleg måte. Det er viktig at vi får beskjed slik at vi kan tilrettelegge.
Dette gjeld  både fysiske og sosiale forhold, samt allergi -og matintoleranse.

Denne invitasjonen går til alle 9, 10, 11 og 12-åringar som er medlemmer i Den norske kyrkja, men tilbodet er opent for dei som ikkje er medlemmer også. Dersom de veit om barn på mellomtrinnet som har lyst til å komme, men ikkje har fått invitasjon, kan dei ta kontakt med oss på kyrkjekontoret, eller dei kan melde seg på. Denne invitasjonen ligg også på nettsida vår, helsing.no

Eigenandel er kr. 250 i semesteret (tilsendt faktura)
Det kostar ingen ting å komme nokre gonger og sjå om du vil fortsette.

PÅMELDING HER

 

Spørsmål kan rettast til kyrkjekontoret på 35 10 11 20 eller til
trusopplærar Signe Vreim Østtveit på 971 82 146.

Helsing kyrkja i Sauherad og Nes

 

Tilbake