Det vert høve til å røyste ved kyrkjevalet både på valdagane 10. og 11. september og ved førehandsval.
PÅ VALDAGEN
Det vert lagt til rette for eigne vallokaler for kyrkjevalet der røysting til kommunevalet finn stad. Dette vert markert med skilt i bygningane.
For Sauherad og Nes sokn gjeld følgjande:
På Idunshall, Akkerhaugen
Åpningstid: Måndag 11. september kl. 10.00 - 20.00
På Gvarv samfunnshus
Åpningstid: Mandag 11. september kl. 10.00 - 20.00
På Gullbring kulturanlegg
På Gullbring vert det kommune- og fylkestingsval både søndag 10. og mandag 11. september
Åpningstid:
Søndag 10. september kl. 14.00 - 18.00
Mandag 11. september kl. 10.00 - 20.00
Ein del frå Sauherad og Nes ynskjer kanskje å røyste der, særleg sundag, og det vert lagt til rette for at du kan få røysta også til kyrkjevalet samme stad. Bø sokn har betent lokale for kyrkjevalet på Gullbring båe dager. Sauherad og Nes syter for å ha folk der sundag.
FØREHANDSRØYSTING
Det vert lagt til rette for førehandsrøysting frå 10. august på kyrkjekontoret til annonserte tider i åpningstida. Det skal også vere førhandsrøysting ein sundag etter gudsteneste.
Vi vil også ta kontakt med omsorgsinstituasjonane for førehandsrøysting der ein vekedag.
Det er eitt nasjonalt tidspunkt for førehandsrøysting: den siste torsdagen i august, altså 31. august fra kl. 1500-2000.
Konkrete tidspunkt for førehandsrøystinga vert gjort kjent så fort dei ligg føre.